Korleis enda opp som pinsevenn

Huset var kjøpt, mannen var på plass, men eg mangla noko.
Eg var på ein ny stad utan ein åndeleg gjeng rundt meg.
Mannen var heidning, så der var det lite å henta på det viset.
Eg gjekk på jakt og forvilla meg inn i ein liten aude pinsemenighet på Espeland i Arna.

Eg hadde jo i grunn ingenting der å gjera sidan eg var vaksen opp blant kontrollerte indremisjonsfolk.
I Indremisjonen var det lite som blei sagt utan at det var nokolunde forventa. Ein visste kva ein fekk og det var heilt fint. Det var trygt og eg har svært gode minner frå den tida.
Eg lærde mykje om Bibelen, men pinsa blei nok litt stemoderleg behandla.
Pinsa var for disiplar for 2000 år sidan. Ferdig med det.

Eg har aldri vore særleg kontrollert. Likar helst å gjera det eg ikkje skal.
Ingen var til dømes så god til å teikna folk bakfrå som meg. Har aldri vore flink til å oppføra meg.
Har alltid likt å stilla spørsmål med eitt og hitt. Ingen kamelar sklir ned utan å bli godt rundjult først.
Eg trengde kanskje ein plass eg kunne vera akkurat slik.

Tilbake til møte med Salem, som menigheten heitte på den tid.
Eg blei tatt imot i døra. Det var ikkje mange der inne, og dei aller fleste var gamle.
På pianokrakken sat ei eldre kvinne med parkinson. Ho kom visst vanlegvis kom ein time før møtet for å varma opp fingrane.
Eg blei så varmt tatt imot, at eg måtte springa ut døra då møte var over, fordi eg var så overvelda at eg ikkje klarde å halda tårene attende.

Songane var så som så, pianospelet som det måtte bli, gjengen var tunghøyrt og talane var ikkje alltid inspirerande.
Men, dei hadde eit engasjement som diverre ikkje kan beskrivast med mine enkle ord.
Eg var alltid glad når eg gjekk derifrå. Nokon brydde seg om meg og kjende meg trygg.

Ein søndag hadde vi besøk av ein taterpredikant frå austlandet. Karl Lindstrøm. Etter talen, og midt under ein song kom bort til meg. Eg sat som regel godt plassert på bakarste rad.

«Du er ikkje døypt, du»?

«Nei?» svarte eg, ganske forundra over at han visste det, sidan eg aldri hadde sett han før.

«Det må du bli»,  svarte han og gjekk opp igjen.

Og så seier han til pastoren: «Her må de få eit basseng».

Basseng blei det. Det blei finansiert av ho som var leiar for menigheten, då den blei stifta rett etter krigen.
Det var sju «søstre» som gjekk saman om å starta opp.
Eit unikt tilfelle, då kvinnelege leiarar var heller utenkjeleg på den tid.
Eg har aldri møtt henne, angrar på at eg ikkje oppsøkte henne før ho døydde.

Det viste seg å vera plass til bassenget under golvet, heilt til høgre på plattforma – som bestilt. Dei slapp på sprengja vekk stein.

Eg var den første som blei døypt i bassenget – 22. juni 1997.
Det skjedde noko med meg etter det. Det var som om heile Bibelen opna seg. Eg forsto kva som sto der.
Eg blei meir frimodig. Eg hadde aldri bedd høgt før. Eg likte ikkje å snakka om trua mi privat, og i alle fall ikkje på jobb.

Folk eg har blitt kjend med dei siste 20 åra har nok vanskeleg for å forstå at eg ikkje har vore frimodig tidlegare, men slik var det altså.

Mannen er forresten ikkje heidning lenger, snarare tvert imot.

Blogg-greier (midlertidig)

God pinse!

20160323_122521_stort_3