Takk og lov

Dei verste kranglefantane har alltid gitt meg energi. Slike som er lang over gjennomsnittet grinete og inneslutta, og som andre helst unngår. Dersom ein slik forsvinn ut av livet mitt leitar eg instinktivt etter ein ny.  Å få dei sintaste til å smile gir meg glede.

Mann med stativ på hovudet
Då eg var sjukepleiarstudent hugsar eg ein mannleg pasient som ikkje blei så fint omtala på bakrommet. Han hadde eit stativ på hovudet etter ein operasjon, så eg kunne godt forstå at han var ilter. Men, eg elska å hjelpe denne fyren. Han likte at eg tok tilbake når han kjefta. Det kom med i evalueringa i den praksisen. Gamle, snille damer var ikkje utfordrande nok. Det skulle dei berre ha visst.

Dei slemme er ikkje alltid så slemme
I natt klokka to dukka det opp eit gamalt, gneldrete skinn i min tanke.  Eg møtte henne på sjukeheimen der eg jobba som 19-åring. Ho var ein pitteliten spurv som helst ville ligge på eit mørkt rom. Ho tyranniserte mannen som budde på naborommet. Han var delvis blind og dement. Omlag kl. 19 kvar kveld ville han leggje seg. Då hadde han vel fått nok av kona som sendte han rundt i rommet i ulike ærend.
Det varte sjølvsagt ikkje lenge før vi fann tonen. Ein dag kom ein av hjelpepleiarane hastande mot meg. Kvinnemennesket trengte å snakke med meg. Det var noko med Luther og eit tre. Eg blei flau inntil margen. På denne tid eg ikkje var så offentleg med mi kristne tru. I alle fall ikkje med dei eg jobba med. Dagen før hadde prøvd å få litt livsmot inn i kvinna og hadde brukt eit sitat av Luther som motivasjon. Eg fann sitatet her:

Om eg visste at verda gikk under i morgon, ville eg likevel gå ut i min hage og plante eit epletre i dag. Martin Luther

Kvinna var kanskje aller mest redd for å døy, sjølv om ho viste det med å skjelle ut alt og alle rundt seg. Då eg gifta meg året etter fekk vi gåve av henne. Av den slemmaste av dei slemme pasientane. Kanskje fordi eg intuitivt såg etter noko å takke for hos henne.

Takk når du har det som verst
Det er ikkje alltid like lett å takke når vi har det vanskeleg. Men, det hjelper. Det finnest alltid noko å takke for dersom vi er villig til å prøve. Etter at eg begynte å ta bilete ser eg ting med heilt nye auge. Eg blir meir observant. Noko liknande kan skje dersom vi ser etter ting å takke for i alle situasjonar. I staden for å klage på alt og alle. Dei fleste trivest kanskje best saman med positive folk.

Stopp tida
Det er fint å få kvardagen til å stå stille. Dersom vi ikkje finn meining i rutineoppgåver kan dagane surre umerka av stad. Tida forsvinn som sand mellom fingrane. Dersom vi trenar på å stoppe opp, og leite etter kva som er bra, kan vi kanskje bli glade i staden for å irritere oss over ting vi ikkje kan endre?

Eg er berre ein liten bit
Mi tru på at Jesus har kontroll, gjer at eg lettare kan stole på at det går an å takke i alle situasjonar. Han ser både framover, bakover og til saman. Eg ser berre bakover. Først når eg er i himmelen kan eg forstå alle ting. Mine problem kan handle om andre sine gleder. Eit puslespel der eg berre er ein liten bit. Alt handlar ikkje om meg og mitt. Det er faktisk ein tanke som gir fred i sjela. At eg er ein del av noko større som ikkje er opp til meg å halde kontroll på.

1000 ting å takke for
Eg har ein plan om å finne 1000 ting å takke for, som eg legg inn her etter kvart som eg hugsar det.
Er det nokon som vil bli med? Det er lov til å skrive i kommentarfeltet.

  1. Ekornspor i snøen, ganske sikker på at det var eit ekorn og ikkje ein katt.
  2. Hund som ligg utslått på sofaen
  3. Antibiotika som verkar på sjuke mannfolk som hostar
  4. Reserveseng som kan evakuerast til ved mannfolk som hostar
  5. En mann som blir frisk
  6. To armar til å vaske opp med
  7. Varmepumpe
  8. Kattunge som søv
  9. Fortsatt 4 høner, eller rettare sagt to høner og to hanar som ikkje blei tatt av falken. Eller hauken. Eg likar å kalle den falk sidan det høyrest meir grasiøst ut.
  10. Ferske egg kvar dag, elskar det. Gler meg fortsatt som ein unge til å hente egg. Etter to år med høns.
  11. Kake med enorme mengder kokesjokolade (merka det litt for seint, blei litt vel mykje med 400 g).
  12. Nybaka brød
  13. Ungar som kranglar, men eg har tross alt fortsatt ungane buande heime
  14. Svigerfar og svigermor
  15. Ungar som ringjer på døra og leikar «ring og spring».  Det er jo vinterferie og sikkert kjekt, og eg treng trimmen etter sjokoladekaka.
  16. Nytrekt Friele kaffi
  17. Elektrisk tannkost
  18. Kvite vaskeklutar
  19. Urørt blomstereng
  20. To levande foreldre som eg er veldig glad i.
  21. Hekletøy
  22. Nysnø som vernar blomane imot Sibirkulda, – 8 no kl 9.00
  23. Sol som kjem inn i stova kl 9.13.
  24. Lyden av tikkande veggur
  25. Glitter i snøen
  26. Reint vatn i springen
  27. Ungar som har vinterferie

 

 

 

%d bloggers like this: