17. mai – dagen vi er glade

17. mai – stresset blir gjort eit poeng av i diverse aviser. Men, kanskje det er det vi har gjort det til. Eit stress for å framstå perfekt frå frukost til kveld. Kanskje fordi vi ikkje lenger kjenner at vi har noko å feire? Det er ikkje alltid så lett å tvinge fram den stormande fridomslukka. Vi har jo alltid vore fri. Og grunnlova har vi stort sett eit forhold til kvar gong det blir gjort ei eller anna endring.

Eg kjenner enda lukta av krut i nasa. Det er eit av mine første småbarnsminner frå 17. mai. Vi lagde våre eigne saluttar ved å slå på små remser som gav frå seg nusselege smell. Om natta hadde eg vakna av støyande russ som gav meg tilsvarande bråkete sommarfuglar i magen. Det minna meg på kor eg gledde meg til denne dagen.  Der familien var samla og isen sat laust hos elles sparsame foreldre.
No kjøper vi mengder av is på priskrig og et rikeleg både før og etter.

Innimellom kan 17. mai synast som eit utstillingsvindauga for perfekte og lukkelege familiar. Den mest offentlege dagen der alle «skal » vere glade.  Men, vi veit vel alle at det ikkje er slik på ekte.

Kva med

  • dei som har ein unge som ikkje er heime fordi den er hos den andre
  • dei som er heilt åleine og ikkje har familie.
  • dei som ligg på sjukehus og høyre lyden av glede, men ikkje kan kjenne den sjølv
  • dei som sit i rullestol og ikkje kan GÅ i tog
  • dei som kvepp til av høge lydar i toget då dei blir minna på krig og terror
  • dei som har hatt eit barn som ikkje fekk oppleve å feire 17. mai
  • dei som har hatt for vane å vere saman, men der det har blitt krig i familien
  • dei som har opplevd krig og som kunne tenkt seg å feire fridomen med sitt eige flagg
  • dei som blir hakka på fordi dei har feil hudfarge og som ikkje er norske nok til å feire
  • dei som må på jobb og kjenner seg einsame
  • dei som gjerne skulle hatt ein slik dag, men som blir bomba av eigne eller andre sine styresmakter
  • dei som aldri har opplevd fridom
  • dei som er depreimerte og sig enda lengre ned ved auka kontrast til resten av mengda

Nokre tankar

  • Foreldre som klagar på ein dag full av stress. Når stresset er borte vil du sakne det. Forventinga hos ungane vil fort dabbe av etterkvart som dei forstår at dei har nok leiker og premiar dermed ikkje blir så interessante. At isen kan dei få kva tid som helst. Stresset vil umerkeleg gå over til angst for at noko skal hende ungdommen som er ute om natta.
  • Og bunaden. Når du har klaga over kor ubehageleg den er i nokre år, vil du kanskje brått vekse ut av den og stå på bar bakke ei stund. Då innser du at du saknar den og tar til å byggje opp ein ny.

No er det kveld og eg treng ikkje lenger sitje med uro i kroppen fordi eg ikkje har gjort noko som minner om «hipp hurra til 17. mai».

Eg har ete rømmegraut og is med nærfamilien, smugkikka på toget og pynta hønene med 17. mai-sløyfe. Det er alt. Og det er nesten som eg er stolt av det. Ei slags sympatierklæring til alle som kjenner seg utanfor på 17. mai. Eg har ei kjensle av at det er svært mange.

God 17. mai!

%d bloggers like this: