Ein mann med mykje ljos over seg

Han heitte Kåre og hadde ein gong krøller. Kåre tyder: Med krøllete hår. Enkelt men samtidig noko medfødt vakkert.

Han hadde alltid vore der, ofte i bedehuset saman med dei andre. I min barndoms bedehus. Der hadde kona hans også vore. Ho som no er enke. Dei fann kvarandre etter å ha vore i same vesle krets i alle år. Ho var 40 og han 59 då dei gifta seg. Han høyrde litt tungt. Det kan jo ha sinka prosessen. Uansett: Vi rundt dei var vantru over utviklinga. Det er ikkje alt ein ser kome.

På sjølvaste frigjeringsdagen gjekk han bort, etter 30 år som lukkeleg gift. Dagen før rakk han å få halvparten av såpotetene i jorda.

Eg kjende ikkje Kåre særleg godt, men godt nok til at eg gjerne ville ta eit siste farvel. Eg ser han for meg då eg møtte på han som barn. Alltid smilande og lun, ofte klirrande med eit par mjølkespann og eit par kattar på slep. Han gjekk og kasta ljos. Ein mann med mykje ljos over seg som ein nemnde i gravferda.

Nokre gravferder ber med seg meir inspirasjon, takksemd og glede enn rein sorg. Vi kan ha noko å lære. I desse dagar er det populært å ha sin eigen coach til sjølvutvikling. For meg har slike stunder ein betre effekt. Nokre menneske viser ein veg som er verdt å streve etter å gå. Det sit att eit rungande mentalt tomrom etter denne mannen.

Få folk til å kjenne seg spesielle
Ei av jentene han var onkel til sa det slik: «Han gjorde at eg kjende meg spesiell. I dag forstår eg at eg ikkje var det. Han har visst fått mange til å kjenne seg spesielle».
Han var meir opptatt av å høyre korleis det gjekk med andre enn å fortelje om seg sjølv. Når nokon spurde han korleis han hadde det, svarte han: «Eg har ingen grunn til å klage». Så vinkla han samtalen over på den andre.
Det er ein viktig jobb å få folk til å kjenne seg spesielle.

Å arbeide
Kåre var god til å jobbe. Spesielt med å dyrke alt som kunne vekse både under og over jorda. Og han delte rikeleg med dei rundt seg. Han vart sitert: «Når du først skal gjere eit arbeid kan du like godt gjere det skikkeleg. Å rydde opp er ein viktig del av arbeidet, og kan ta like lang tid».

Ordtaka 12. 25

Den gåvmilde får gode dagar, den som ausar ut til andre, får rikeleg tilbake.

Å lage mat
Når han ein innimellom var åleine heime, og folk lurte på korleis deg gjekk med maten svarte han: «Det er ingen trollkunst å lage mat». Godt sagt.

Å tale vel om andre
Dersom han snakka med folk og dei kom med nedsetjande kommentarar om andre, brukte han å stoppe dei med: « Vi skal tale vel om kvarandre».

Det gjer godt å ha fått eit snev av berøring av enkelte menneske. Det gjer det klårare kva som er viktig her i livet. Kva sit faktisk att når du ikkje lenger er til stades. Det er lett å bli lurt til å tru at det er å framheve og elske seg sjølv som gjer verdi.

Denne gravferda fekk meg til å tenkje på kva eigenskapar eg kan bli hugsa for og jobbe mot det.

%d bloggers like this: