Paradis ligg i Bergen

Eg sit stille som ei mus i soltørken. I håp om at ikkje idyllen skal bli broten og med eit ønske om å unngå heteslag.  Forresten har eg aldri sett ei mus sitje stille, men det kan ha med meg å gjere. Diverse vêrappar blir sjekka med vanedannande mellomrom. No er regnet avlyst og det er sol så lenge appar kan sjå.

Rosene falmar før dei til slutt dett saman i pur glede over å ha fått stå så lenge i fred.

 

Trekkfuglane er uvanleg stille i år. Kanskje dei har returnert i rein forvirring? Det må ta litt tid å fly den lange vegen så knaskje vi har dei til vinteren når dei har fortsått at dei har blitt lurt.

Hanen badar seg i jord for å prøve å få kjølt seg litt.

Dei ei vekes gamle kyllingane veit ikkje kva regn er. Dei kjem nok til å få sjokk i fleire omgangar når den tid kjem.

Sommarfuglane ser ut til å vere litt slappe i vengene og humlene surrar så lavt dei kan, sikkert for å unngå kuldetap.

Plenen har eg heldigvis lært at eg ikkje treng å uroe meg for. Røtene strekkjer seg imot Kina etter vatn og kjem sterkt attende til neste år i fjølge  NRK. Mange må rett nok få seg ny plen dersom dette ikkje stemmer.

Det er verre med bøndene. Eg kan ikkje kome på noko å trøyste dei med. Ikkje anna at eg såg ein som vurderte å slå ihel katten sin i Sogn. Men, det hjelper nok minimalt på fôrmangelen på Austlandet.

Sykkelulykkene har diverre eskalert i år. Nokon blir kanskje litt tøffare i varmen. Eg tok meg sjølv i å sykle 14 km til jobb t/r Arna -Haukeland universitetssjukehus her ein dag. Gjennom Grimesvingane i tungtrafikkens høgborg. Ikkje kunne eg sykle så ofte til sides, då kom eg jo aldri inn igjen, så farten låg på rundt 20 km/time dersom nokon har klaga.
Neste gong skulle eg gjerne hatt sykkelsjefen med meg. Bakerst. Det burde då vere mogeleg å sykle til jobb sjølv om ein ikkje har ein ekstra vågal dag? Kolonnekøyring kunne til dømes ha vore utprøvd i visse tidsrom. Elsykkelen har faktisk gjort det mogeleg å gløyme bilen inst i garasjen. Kva skal vi vel med bil når elsykker er raskare og langt meir flatterande? Og det gir til og med meir trening enn å setje seg i ein bil.

Når eg ser bort frå bøndene nyt eg sommarvarmen langt inn i tannrota. Dei har forresten fått litt vel mykje is.

Nokon kjem kanskje litt slukøra heim frå 14 dagar i Syden slik eg gjorde i slutten av mai. Men, enden er ikkje nådd. Sola skin og eg merkar knapt at den går ned. Temperaturen oppmodar nemleg til å springe halvnaken døgnet rundt.

Endeleg forstår eg kvifor Paradis ligg i Bergen.

Sjølv om ferien min ikkje startar før i morgon, føler eg at eg ar hatt sol og varme for fleire år framover. De får tilgje meg om innlegget ber preg av litt eurforisme.

Fortsatt god ferie og sommar til alle!

%d bloggers like this: