Ulikskap gir maksimal utteljing

I dag har vi vore gift i 28 år, sjølv om vi er fortsatt like ulike.  Å vere i same hus som to like av meg eller av han hadde heller ikkje vore bærekraftig for nokon.

Eg ser det best når vi er saman med andre: Eg tenkjer ofte at eg er lukkeleg som klarte å fange han først. Eg trur det var noko med humoren hans som fekk meg til å falle.
Vi hamna i same klasse på vidaregåande. Det tok si tid før vi veksla ord. Friminutta brukte han ofte på å knipse colakorkar gjennom klasserommet, noko eg ikkje vurderte som særleg modent.
Etter kvart som vi kom tettare på kvarandre, observerte eg at skuledagboka hans var overlessa med ei meir eller mindre påkledd Samantha Fox. Då hadde det kanskje begynt å dra seg litt til mellom oss, og eg som hadde langt mindre å  fare med enn Fox, blei kanskje litt sjalu. I eit ubevokta augeblikk limte eg to elefantar over det eine bilete og skreiv: «Betre med to elefantar enn ei Samantha». Det gjorde nok susen. Vi blei i alle fall ofte sett saman etter den tid.

I 1987 var vi 17 og blei kjærestar.  Første gong saman på hytta.

Ingen av oss kan hugse at det blei noko spesielt frieri. Det gjekk vel litt gradvis. Etter litt fram og tilbake forlova vi oss i ei grøft i ein heimemalt lilla bil. I selskap med Wunderbaum og ei halvoppdrukken colaflaske. Dei flaskene irriterte meg forresten på den tid. Eg var vaksen opp i litt trongare kår, og dette blei sløsing slik eg såg det.
I 1990 gifta vi oss 20 år gamle. Enda så ulike vi var og fortsatt er.

Dagens sommarfugl Pieris napi

Eg har notert nokre av ulikskapane som bevis:

Kjetil Øygunn
Lyttar Skravlar, vil helst finne ei løsying
Fornuftig Kreativ
Realist Optimist
Ryddig Rotete
Et for å bli mett Er i overkant glad i mat
Spring eller går på fjellet Syklar helst for å sleppe motorkøyretøy
Likar hundar, toler dårleg kattar Elskar kattar, men har fått ein hund som oppfører seg som ein katt
Tar ikkje høner med på ferie Tar med høner på liten ferie, men køyrer då eigen bil
Er god til å trøyste Er meir «Ta deg saman!»
Tar det første og beste når han er på handel Handlar på tilbod
Køyrer helst sjølv når vi er saman i bilen Sit gjerne på for å sleppe å høyre på nervøse samanbrot i kvar rundkøyring eller kryss. Dessutan likar eg å sleppe
Han held ut hømrøsvingingar Har PMS litt for ofte
Trivest god åleine Er sosial (men, mindre enn før)
Gjennomtenkt Impulsiv
Tenkjer før han snakkar Snakkar før eg tenkjer
Googlar bruksanvisning på vaskemaskin når han ein sjeldan gong vaskar klede Har system på klesvasken og likar ikkje innblanding
Er helst inne så lenge han ikkje går på fjellet eller klipper hekken Er ute 24/7 heile sommaren
Prøver aldri å endre meg Prøver fortsatt å endre han litt her og der
Kan innrømme feil Har alltid rett
Er ekspert på data Jobbar med data
Uthaldande Gir opp når det passar meg
Et det han blir servert Elskar alt som er søtt
Han har kan lage fire typar middag (har auka frå 2) Meiner vi må ha skikkeleg middag
Er opptatt av å vaske hus Husvask kan vente til vêret tilseier det
Likar science fiction Ser helst filosofiske og gjerne skandinaviske filmar
Skeptisk Naiv
Misser fort håpet når noko uventa skjer Finn alltid ei løysing
Treng lite søvn Søv gjerne bort livet
Er meir enn presis Kjem helst litt for seint
Toler slafsing Får andenaud av slafsing
Kan male hus ein heil dag Gir opp etter to fjøler

Vi er med andre ord svært forskjellige. Det kan kanskje gi håp til andre som meiner dei er for ulike til å halde saman.

Svigermor laga til forlovelsesparty

Mine beste tips:

  • Lær å setje pris på ulikskapane.
  • Utnytt det den andre er best på.
  • Ikkje lag rekneskap over kor mykje husarbeid som blir gjort av kvar.
  • Godta at den andre er slik den er. Det er umogeleg å endre.
  • Prøv å tenkje kva som er best for partnaren i staden for å tenkje kva som er best for deg.
  • Prøv å jobbe med dei områda du veit er irriterande for den andre.
  • Ikkje bruk tid på å gnage på detaljar, livet er for kort.
  • Ofre deg litt dersom det kan glede den andre.

Det er nyttig å skrive ned slike råd, her har eg litt å jobbe med til neste bryllaupsdag. Handlingar som kan virke som offer vil til sist hjelpe deg sjølv vel så mykje som den du ofrar deg for.

Rom 12.10: Vær varmhjertet mot hverandre i broderkjærlighet! Kappes om å hedre hverandre! 

Godt samliv!

%d bloggers like this: