For meg er det ein genistrek det Hareide har gjort.
Som ein av om lag 400 vandra eg med store forventningar til Betlehem, Bergen indremisjon sine lokaler, 15. oktober. Mitt første medlemsmøte i KrF. Litt av motivasjonen var nok at eg fekk vere med på noko som pressa måtte studere frå utsida.
Eit møte med liknande energi har eg sjeldan opplevd. Energien håpar eg blir verande i partiet etter at det er tatt eit val. Uansett kva veg det går.
Å gå heilt andre vegen enn det vi kunne forvente av ein kar som ofte blir framstilt som ei vengeklipt pingle.
Hadde det ikkje vore for Hareide hadde truleg ikkje medlemsmassen til Krf vakna til live. Dersom Hareide hadde gått imot høgre hadde eg ikkje lea på eit hårstrå. Det hadde vore forventa. No må folk tenkje sjølv og ta stilling til eigne meiningar.
Eg opplevde ein Hareide som snakka med hjartet. Om det er det siste han gjer unner eg både han og tilhengjarane den kjensla.
29. august melde eg meg inn i KrF, før rabalderet starta. Litt av grunnen var at eg hadde lyst til å lage litt fart i sakene, men her fekk eg uventa drahjelp.
Hareide har fått folk til å diskutere politikk på jobb, på butikken og i festleg lag.
Dersom partileiinga skulle ha vore einige i forkant hadde det ikkje blitt ein ekte diskusjon som vi hadde fått del i.
Dessutan har vi no meir reelle alternativ. Dersom fleirtalet hadde stemt blått og heile leiinga hadde tilrådd å gå imot raudt, hadde det vore verre å gå inn saman med Erna i ettertid.
Så lenge Hareide har med seg to blåfarga vil det ikkje vere så vanskeleg.
Eg har tenkt og tenkt. Kven vil eg stole på?
Det er grunn til å stanse opp når erfarne politikarar som Ingmar Ljones, Dag Sele og Kristian Helland står saman med Hareide.
Dette handlar ikkje om blått eller raudt. Men, meir om korleis det vil bli saman med gult. Vi har ikkje prøvd venstresida, er det verdt eit forsøk?
Ved å gå til høgre vil KrF kanskje fjerne seg frå sentrum. Senterpartiet som ligg nærast er trass alt på den venstre sida.
Ljones var varaordførar og seinare ordførar i Bergen i 10 år før han blei sitjande på Stortinget frå 2001- 2005. Då saman med Hareide. Han gir tydeleg råd om å gjere sonderingar mot venstre. Han har erfart i praksis å samarbeide med FrP. Kanskje dette er noko han ikkje ynskjer at KrF skal bli utsett for fleire gonger?
Det er nok skilnad på å regjere med FrP og å vere i opposisjon.
Eg mistenkjer verken Hareide eller Ljones for å ville dra Noreg bort få kristendommen. Snarar tvert imot.
Det var ein del tradisjonelle KrF-veljarar som stemte Høgre ved stortingsvalet då det ikkje var avklart kva side KrF ville velje. Då blir det vanskeleg å forstå sjokket over at Hareide endeleg toktok val.
Dei kristne er redd for at kristendommen skal gå tilbake i Noreg
Vi kan ikkje legge skulda for at den kristne kulturarven har skrumpa inn på Arbeiderpartiet og den raude sida. Då må vi kristne heller gå i oss sjølve. Dei 10 bod kan kanskje hjelpe å sjå det i ein annan samanheng?
- Brukar vi meir tid og pengar på hus, hytte, bil, reise og sosiale medier enn på Gud? Har vi andre gudar enn Gud?
- Forbannar vi muslimar og skuldar dei for å vere ein trussel for kristendommen? Misbrukar vi då Guds namn?
- Spring vi på søndagsopent fordi det er mogeleg, eller har vi tatt klar avstand? Tenkjer vi på dei som må jobbe i staden for at dei kan ha fri saman med familien?
- Heidrar vi far og mor ved å sende dei på sjukeheimar som ikkje held mål i staden for å setje himmel og jord i bevegelse for å få betring?
- Står vi fast ved at alt liv er ei Guds gåve og er ukrenkeleg? Gjer vi noko i praksis for å unngå at barn ikkje får vekse opp?
- Gjer vi alt vi kan for å ta vare på samlivet for å unngå skilsmisse? Eller er det OK å la det skure å gå til forholdet havarerer?
- Kjøper vi kler, som er laga av uskuldige barnehender og katastrofalt dårleg behandla arbeidskraft, fordi det er så billeg? Stel vi ikkje då frå andre?
- Talar vi usant om andre for å hevde oss sjølve? Bør vi undersøkje nøyare før vi uttaler oss negativt om andre? Spesielt dei med ein annan hudfarge?
- Er vi misunnelege på dei som har meir enn oss og drøymer om å ha det største og beste?
- Ser vi meir på andre sine ektefeller enn våre eigne?
Og den kulturelle kristendomen
- Sender vi ungane våre på kristne privatskular i staden for å la ungane vere lys og salt på jord?
- Ser vi at den offentlege skulen er utarma, klassar er overfylte og lærarar er programfesta til å bli målt på alt mogeleg?
- Handlar vi kvota på taxfree og nyt alkohol for å lære våre barn korleis det skal gjerast?
- Er vi gode førebilete i sosiale medier eller rakkar vi ned på dei vi er ueinge med?
- Tenkjer vi på miljøet og prøver å avgrense skaden på planeten? Eller boikottar vi bompengar og andre verkemiddel i staden for å fordele midlar til dei som ikkje klarer seg utan bil på grunn av små barn og liknande?
- Reiser vi til syden fleire gonger i året i staden for å gje pengar til dei fattige?
- Er vi meir opptatt av helbredelse og eiga lukke enn å hjelpe andre?
- Stengjer vi trua vår inne i menigheten og er mest opptatt av å ha gode kjensler?
- Kan våre eigne ungar ein einaste kristen julesalme utanåt?
Eg er nok ikkje den einaste som fell gjennom på desse punkta.
Uansett kva veg KrF vil snu seg er det vi som kristne som må ta ansvar for at kristendommen skal vere levande.
Ikkje først og fremst med kva vi seier, men kva vi gjer. Det er det folk er opptatt av.
Krf er eit lite parti og det har vi kristne mykje av skulda for. I staden for å stå saman har mange gått til andre parti.
Eg håpar dei to stjernene eg opplevde i Betlehem smeltar saman til ei ledestjerne før året er omme, slik at vi ikkje går oss vill.
Sei ikkje: Kva kjem det av at alt var betre i gamle dagar enn no? Du spør ikkje slik om du er vis. Forkynnaren 7:10
Det er på tide å sjå framover i staden for å henge fast ved det som ligg bak.
Eg støttar Hareide sin plan, så får andre gjere som dei vil. Eg er glad i dei for det.
Forkorta versjon i Bergens tidene: Hareides genistrek