Kamelen i rommet

KrF skulle i utgangspunktet gjere eit retningsval og ikkje eit personval. Men, blei det slik? I praksis har kanskje KrF heller gjort eit val mellom to statsministerkandidatar?

Det har truleg  ikkje vore like lett for alle å følje Hareide når Støre ville bli svaret. Utanriksminister – ja, helseminister – nei, statsminister – tja. Det er godt mogeleg at mange venstrevridde KrF-folk har prøvd å gjere som dei fekk beskjed om, nemleg å velje retning. Statsministrar vil bli skifta ut oftare enn politikk, som det kan ta generasjonar å endre retning på. I alle fall i dei to største leirane. Faren med å velje på bakgrunn av person er at det er lett å oversjå viktige politiske saker. Til dømes har vi ei privatisering av helsetenesta som er i ferd med å knele den offentlege tenesta totalt. Utviklinga går som eit hurtigtog som vil vere like vanskeleg å innhente. “Alt handler om mennesker”, Helse Bergen sin tidlegare visjon, illustrerer kanskje betre dagens politiske situasjon enn vårt pengestyrte helsevesen.

Blei vi lurt av Solberg?
Sjølv om abort har vore eit stort diskusjonstema, trur eg ikkje dette som var utslagsgjevande for retningsvalet. Det må i tilfelle vere den måten temaet blei diskutert på. Som nesten den einaste norske kvinna, har Solberg behandla aborttemaet med respekt, medan den ampre haldninga til venstresida har gjort det heile litt pinleg.

Forhåpentlegvis er ikkje ein gong KrF-veljarar så naive at dei har hatt håp om store endringar på dette området. Men, kanskje det heller var Solberg som gjorde utslaget? Vi trivest med å ha ein trygg, optimistisk, raus og samarbeidsvillig statsminister. Det var få som brukte Støre som eit argument for å gå imot venstre. Det er kanskje ikkje så mange som har klart å tyde hans type tungetale? Hareide sitt utspel om Støres kristne livssyn var det nok heller ikkje så mange som beit på. I Bergen har vi levd godt med Schjelderup. Men, han var ikkje statsministerkandidat. Hareide blei kanskje ikkje vald bort, men det blei kan hende Støre? Nokre kamelar kan vere for hårete å svelgje for å hente eit uttrykk frå Matteus 23.24: De siler av myggen, men svelgjer kamelen.

Gi Ropstad ein sjanse
Det kan vere freistande å sjå Ropstad gjennom brillene til den store hop. Det er enklare å kritisere enn å oppmuntre. Eg håpar at folk kan gløtte opp frå eiga navlesnor og få gjort noko fornuftig i staden for å ordkrige om eit tema som det ikkje finnest ryggdekning til å endre på.

KrF høyrer naturleg til på venstresida
Etter mitt syn er det opplagt at KrF høyrer til på venstresida av sentrum. Spesielt så lenge Senterpartiet har hamna der. KrF sitt taktskifte kan ha gitt veljarane eit glimt av kva som er mogeleg. Det viste blant anna det jamne resultatet frå KrF sitt landsstyre.
Ole Torp sitt intervju med Ulstein 23. januar viser at vi sit med ein genuint ærleg mann i regjering. Det gir håp til KrF. Det sl ikkje alltid meir enn eit menneske til verken for å rive ned eller å byggje opp. Å tenkje framover i staden for å sutre vil vere den beste sjansen vi har til dra nasjonen litt nærare den gule midtstripa. Grøfter vil det vere på begge sider.

Foto: Maria Leite Kallevik
%d bloggers like this: