Lengsel

Vi har det felles. Lengselen etter noko anna. Etter det som var, etter det som kan bli, eller etter det som aldri kan kome. Er det vinter lengtar vi etter vår og sommar. Sommaren blir varm og travel og vi lengtar etter vinter med mindre kav.

Eg er fortsett ikkje ferdig med jula. Tankar eg ikkje har fått avlevert. Lengselen blir sterkare for mange i jula. Etter dei som ikkje er lenger. Etter den forelderen som er i det andre huset. Nokon lengtar etter å få mange gåver, andre synest dei får for mange. For mange foreldre og besteforeldre? Lengselen etter dei som ikkje er der kan ikkje kjøpast.

Andre lengtar etter fred og ro sjølv om dei har den perfekte feiring der mange glade menneske er samla. Heile tida.

For 2000 år sidan lengta jødane etter ein mektig konge som kunne berge dei frå eit usselt liv. Dei fekk eit forsvarslaust barn som allereie før befruktninga var totalt avhengig dei menneska det skulle frelse. Svaret på vår lengsel er ikkje alltid slik vi trur.

Det er ikkje alltid vi blir lukkelegare om vi får oppleve det vi lengtar etter. Då oppstår det nye behov eller problem. Vi vil alltid lengte. Etter noko meir.

Salmane 38:10 Herre, du kjenner min lengsel, mitt sukk er ikkje løynt for deg.

Eg lengtar etter

  • å kunne fange haustfargane på fjellet
  • å bu på ei sæter med kyr ein heil sommar utan å tenke på tid.
  • å få bety ein forskjell i verda
  • å ha eit lite hus i hagen eg kan sitje å filosofere i. Med mange bøker i som eg aldri kjem til å lese.
  • den perfekte solnedgang ei savanne i Afrika. Stjernene og lyden av Afrika.
  • eit einsamt tre på ei stor slette med fred under og rundt seg.
  • å kunne lytte til beitinga til ei ku
  • å sitje i ei eng med fargerike blomar, valmuer.
  • å kunne studere regnbogen på nært hald
  • frukttre som ikkje endar å bløme
  • å sjå nordlys ved sjøen
  • å bade i ei varm kjelde
  • å kunne overnatte unders stjernene
  • å sjå fleire rosa skyer ved havet
  • å kunne studere ville dyr
Foto: Kjetil Kallevik
  • å kunne skru tida tilbake og sjå korleis folk hadde det før.
  • å oppleve fjella og heiene i Sveits som Johanna Spyri beskriv i bøkene om Heidi.
  • å sitje ved ein brønn i ørkenen og sniffe inn lukta av kamel.
  • skodde ved eit stille vatn.
Foto: @maria.kallevik

“If we find ourselves with a desire that nothing in this world can satisfy, the most probable explanation is that we were made for another world.”

― C.S. Lewis

%d bloggers like this: