Likestilling, negativt bønnesvar og eit par sverd

Våren flyttar inn i meg og heile skapningen lengtar etter å oppleve innhaldet i påska på ny. Vanlegvis går dagane i frå meg. Prioriteringane blir gjennomgåande feil. Påska gir meg litt fred til å filofsofere. I dag tidleg las eg om skjærtorsdag i alle dei fire evangelia. Skildringane er akkurat passe like og passe ulike til å kunne kvalifisere som augevitneobservasjonar.

I dag merka eg meg tre andre ting enn at Jesus innstifta nattverden og vaska føtene til læresveinane.


Likestilling på skjærtorsdag

Læresveinane lurte på kor dei skulle stelle i stand påskemåltidet. Jesus bad dei om å gå inn i Jerusalem der dei skulle følgje etter ein mann med ei krukke vatn. Tidlegare har eg undra meg over korleis dei kunne finne ein navnlaus mann midt i folkemylderet. Eg rekna med dei hadde fått litt overnaturlege evner som gjorde at dei gjekk på rett fyr. Heilt til det gjekk opp for meg at det var ein mann. Menn på den tid bar ikkje krukker med vatn. Det var kvinnearbeid. Krukker med vatn blei bore på hovudet. Han var kanskje den einaste, og det var truleg nokre som stirra på han.
Same dag hadde det kome ei kvinne og helt ein dyr salve i hovudet på Jesus. Læresveinane kjefta, men Jesus bad dei om å slutte å plage henne. Ho hadde gjort ei symbolsk viktig handling, nemleg å salve han til gravferda. Merkeleg nok blir eg overraska kvar gong eg kjem over historier som beskriv Jesus sitt menneskesyn. Han brukte ein mann som gjorde kvinnfolkarbeid og forsvarte ei kvinne som oppførte seg unormalt. Eg tenkjer det er sterkt.

Luk 22:7-13

Jesus ber, og svaret er nei

Jesus er fullt klar over kva som ventar han og han ber til Gud om å få sleppe. Samstundes seier han: – Men ikkje som eg vil, berre som du vil.

Vi har ofte lett for å klandre Gud dersom vi ikkje blir bønnhøyrde når vi sjølv tenkjer at svaret burde vere heilt logisk. Korleis kan Han til dømes la nokon døy når vi sit att med sorga?

Kanskje vi må stole på at Gud ser litt lengre og vidare enn oss? Han kjenner den store samanhengen. Dersom Jesus hadde fått JA til å sleppe, hadde vi i alle fall ikkje hatt nokon kristendom. Men, der og då opplevde han nokre grufulle minutt, timar og dagar.

Matteus 26:36-39

To sverd mot mange

Tidlegare hadde Jesus sendt læresveinane ut to og to for å forkynne evangeliet. Dei fekk då beskjed om å ikkje ta med seg verken pengepung eller anna. No var det annleis. Dei trengte både pengar og veske. Og sverd. Sverd var viktig denne kvelden. Dei som ikkje hadde måtte kjøpe. Då ein av dei sa at dei hadde to sverd, modererte Jesus bestillinga og sa at det fekk vere godt nok. Då Jesus blei tatt til fange drog naturleg nok Simon Peter sverdet og hogde litt i ein av tenarane til øvstepresten. Ikkje bra, men han fekk vist at han meinte alvor  med sverdet, sjølv om det var litt puslete å ta for seg ein av tenarane. Jesus fiksa øyret momentant og bad læresveinane om å leggje sverda i slira. På dette viset fekk han demonstrert at dei ikkje ville bruke vald sjølv om dei hadde reiskap til å kunne gjere det. Han let seg fange frivillig.

Lukas 22:7-13,35-38

God skjærtorsdag til kvar og ein!

%d bloggers like this: