På tide å hogge seg ei grav?

Det er ikkje lett å tenkje på døden når eg kjenner meg lukkeleg. Sola skin, fuglane kvitrar og døden er i grunn det siste som er naturleg å tenkje på. Men, det er langfredag. Når vi ser på kor mange dagar vi skal vere død i forhold til å vere i live, er det kanskje merkeleg at vi ikkje fokuserer meir på den lengste biten. Døden er ei av dei få hendingane her i livet som er felles for oss alle.

Ein eg var svært glad i døydde av kreft. Men, det hadde han absolutt ikkje tenkt å gjere. Han skulle kjempe og bli frisk. Å døy var faktisk ikkje eit reelt alternativ for han. Men, alle kampar kan ikkje vinnast. Kva med å vurdere alternative løysingar i god tid?

Har du planlagt døden?
Er alt slutt etter at du er død? Kan det vere ein eller annan religion som gir håp? Har vi blitt til ved rein slump? Kan skaparverket bli til utan ein skapar? Er det ikkje litt for komplisert til at vi berre kan stole fullt og heilt på utviklingsteorien? Kan det vere at Jesus ikkje var gal? Og korleis har i tilfelle ein psykisk ustabil mann tatt eit så stort jafs av menneska si merksemd i over 2000 år?
Dette er spørsmål som bør stillast i god tid før du blir sjuk, gammal, får ein stein i hovudet, hoppar utfor ei bru, køyrer deg i hel, dett ned med eit fly, druknar på eit skip. Eller rett og slett berre får hjarteinfarkt .

Korleis kan det ha seg at dette blir tatt så lett på? Når vi er så opptatt av oss sjølve i andre spørsmål. Burde det ikkje vere strategisk lurt å lage ein plan for døden?

Det kan tyde på at folk hadde eit meir avklart forhold til døden på Jesu tid. Eg kjenner ikkje så mange i dag som har gjort som Josef, nemleg å hogge seg ei hole som han hadde klar til bruk. Matteus 27:57-61 Josef lånte bort grava til Jesus, men heldigvis fekk han den attende ganske snart.
Kanskje vi burde finne fram meiselen og starte på vår eiga grav? Då kan det jo hende at fokuset på døden hadde ført til at vi blei meir til stades i livet som vi tross alt er så heldige å ha. Og kanskje det hadde enda med eit bevisst og avklart val på korleis vi tenkjer å møte døden.

Jesus, meir enn ein martyr?
Var det verre for Jesus å døy enn andre martyrar? Skilnaden er at Jesus blei totalt forlaten av Gud. Matteus 27:45-46 . Det var litt av poenget. Han skulle kjenne på alle syndene herifrå til evigheten i dei tre dagane han var i dødsriket. Ikkje rart han sveitta blod på førehand.

Vi er så heldige at vi aldri treng å oppleve det. Enten vi er sjuke, lever eller døyr. Vi vil aldri blir forlatne om vi ikkje vil.

God langfredag.

%d bloggers like this: