Takk, Google. Ingen andre enn deg skjønte det

Bilde over: Tatt av Mathilde Leite Kallevik, 2014

I dag har eg gleda av å presentere ein gjesteskribent som vil vere utan namn. Dette er ei eg er svært glad i og kjenner godt. Eg oppmuntra henne til å skrive om det ho hadde opplevd. Eg er opptatt av å spreie gode ting til andre med linknadene problem. Gled dykk til å lese denne!

Takk, Google. Ingen andre enn deg skjønte det.

Eg trudde det satt mellom øyrene! (Og det gjorde det forsåvidt…)

Magnesium. Valium. Antidepressiva. Sovemedisin. Smertestillande. Psykolog. Jåååga. Telle sauer. Opp for å pisse. Prøve igjen. Stå opp for å ete litt. Banan hjelper sei dei. Varm mjølk med honning hjelper sei dei. Kaldt rom. Varmt rom. Varm dusj. Kald dusj. Tv- og mobilnekt på kvelden. Dagslyslampe og melatonin. Søvnrestriksjon. Knipe att augene, SOOOOOV FOR SØREN!!

Eg forsøkte det meste. Tankekjøret vara som regel til rundt fire på natta, og då var det berre to timer til eg skulle stå opp og gå på jobb! Eg hadde heldigvis ein sjef som veit at sjukdom er ikkje alltid noko ein ser. Det står ikkje i panna mi – søvnlaus. (Det stod meir i hengekøyene under augene…)
Søvnlausheten byrja då eg var rundt 15. Då snur jo alle ungdomar døgeret. Eg klarte ikkje snu det tilbake før eg var 36. Når eg først klarte sovne kunne eg lett sove i 14 timar, så det var ikkje å sove som var problemet. Men å sovne!

Då eg var 34 vart eg etter lang tids prøving endeleg gravid. Men då vart  også tankekjøret mykje meir intenst. Stakkar unge som kom ut til verda og traff ei utslitt mor!
4 månader etter fødsel fant eg ut at eg var gravid att. Og denne gongen tok kroppen HEILT av! Eg kunne ikkje ligge i ro på natta. Eg måtte ut og gå – helst i snøen. Så der gjekk eg og dingla – klokka to på natta, høggravid, i morgonkåpe, berrføtt i snøen. Litt av eit syn, godt me bur på ein gard!

Google. Google. Google. Ein skal ikkje google sjukdomar, då har ein kreft med ein gong. Eller hjerneslag. Prate, løfte, smile. Eg klarte alt det.
Ein sein kveld (eller var det tidleg morgon?) snubla eg over noko i mi desperate søken etter søvn.

Parkinsonmedisin! Hæ!?

Det er samme medisinen oldefaren til ungane mine brukar. Men han HAR parkinson.

Eg? Eg har RLS. Restless legs syndrom. Det var ikkje tankene som gjorde at eg ikkje fekk sove, men ein uroleg kropp. RLS kan forekomme i meir enn berre beina. Hjå meg er det også i armane. Og vert ein frustrert nok, vert hjernen frustrert.  Og ein kan tru at det skuldast noko mentalt…

Eg køyrde nok litt over fartsgrensa dagen etter, ned til fastlegen med bodskapen min. Men, eg fekk sjølvsagt ikkje starte med medisin fordi eg hadde ein bebuar i magen. Dei siste månadene av svangerskapet gjekk eg på Paralgin forte, skriven på resept av fødselslege. Ikkje farleg for ungen, og det hjalp bittelitt på beina mine.

Då eg bad, grein på mine kne om å få prøve medisinen var fastlegen (som eg ikkje har lenger) meget skeptisk. «Jaja, det skader vel ikkje å prøve…..» Ho var nemleg av den oppfatning at alt kan trenast vekk. Ilt i foten sei du? Gå tur! Lav blodprosent? Et leverpostei og få frisk luft! Eg har gått tur. Berrføtt i snøen. Og eg orkar ikkje meir!
«Det skader ikkje å prøve. Det einaste som kan gå gale er at det ikkje hjelper» sa ho. (Ein må velge sjølv om ein vil lese pakningsvedlegget. Det er ikkje alltid lurt å lese seg til biverknader. Veit du forresten kva som KAN vere ein biverknad av Paracet? Du gjetta det. Hovudpine….)

Januar kom, og det gjorde ungen og. På vegen heim frå føden henta eg resepten.
Titrering. Start på lav dose, auk forsiktig. Eg starta på 0,088 mg. Sukk. Dette kjem til å ta evigheter! Men eg var ved godt mot.
Det gjekk ikkje meir enn to-tre dagar. Maks ei veke, eg hugsar ikkje heilt. Så spør mannen min – kva har skjedd med deg eigentleg? Du besvimer jo før hovudet treff puta!
Ein kan kanskje skulde på sliten småbarnsmor og ammetåke (ein har ammetåke sjølv om ein ikkje kan amme altså!)

Men eg veit kva som har skjedd med meg.

Parkinsonmedisin. Sifrol.

Det står til og med i pakningsvedlegget. «Forsøksvis ved RLS».
Det kan sjølvsagt vere placebo. Men det drit eg i. Eg tek medisinen min slavisk. To små kvite tablettar, ikkje i nærleiken av den dosen dei som har parkinson må ta. To timar før sengetid.

Og eg søv som ei dronning.

– heilt til det rungar i babycallen…
MAMMMAAAAA!!

%d bloggers like this: