Ekte gospel – når du har gått lei såpeglatte julekonsertar

5 av 6 hjerter

Amerikanske DaNell Daymond & Greater Works, som slo gjennom under America Got Talent for eit par år sidan, serverte den originale versjonen av gospelmusikk i Peer Gyntsalen 20. desember. Med så mykje energi og sangglede som berre afroamerikanar kan levere. Det er heller uvisst om publikum kom i det vi nordmenn assosierer med julestemning.

DaNell opna konserten med å sjå publikum djupt inn i augene, for så å løfte dei opp av seta med eit lite vink. Ingen tvil om at han var i stand til å få det beste ut av folk. Men, Peer Gyntsalen er inga kyrkje i Harlem. Arrangøren hadde lova julestemning, og nokon blei nok litt snurt når This Christmas var det næraste vi kom ein tradisjonell julesong. Då dirigenten snudde ryggen til publikum for å rettleie sine åtte koristar og tre musikarar, svarte folket med å setje seg. Og sjølvsagt kunne nokon også observerast tafsande på mobilen i første del av showet. Men, då  “You’re the one that I want” frå Grease blei henta fram, lot publikum jul vere jul, og gav etter for entusiasmen frå scenen.


Ved framføring av kjende låtar som «Go tell it on the mountain», » This Little Light of Mine » og «Oh Happy Day», responderte publikum raskt. Eit av høgdepunkta var då Anecia Allen tok heilt av under «Oh Mary don´t you Weap». Springande mellom benkeradene landa ho til slutt syngjande mellom to kvinner. Med sin ansiktsmimikk og si musikalske innleving, kunne ho hatt ein konsert åleine. Gjerne saman med Tony Robinson på keyboard. Ikkje ofte vi har gleda av å høyre eit menneske der keyboardet er naturleg integrert med resten av kroppen. Synd at lyden av instrumentet drukna litt for ofte. Den lokale lydtekninkaren sleit i tillegg med å få raskt nok lyd i solistane.
Det var ingen tvil om at Greater Works meinte det dei sang. Kanskje nettopp dette var problemet for 4-5 tilskodarar, som stakk av etter 40 min. Kan hende for å rekke den litt mindre forkynnande “Deilig er jorden” hos Kurt Nilsen, som underheldt på andre sida av Grieghallen.

Dei som hadde Oslo Gospel choir sine konsertar på minnekortet, og forventning om at dette var noko liknande, fekk seg nok eit kultursjokk av dei større. Her fantes ingen glatte arrangement med tre til fire vers per låt. 

Varmerekorden målt til 12,4 grader i Bergen kan ha vore ein direkte konsekvens av den energien som blei frigjort i Peer Gynt – salen denne førjulskvelden. Med ekstranummer med «When The Saints Go Marching In» var det nærast umogleg å ikkje la seg rive med for dei i underkant av 300 oppmøtte.

Det er ikkje utenkjeleg at fleire måtte heim for å tenkje gjennom kva jula eigentleg handlar om, då fråveret av julesongar blei så tydeleg.

Bonusmateriale med bloopers

Eg tok ei veke ferie før jula slo til for alvor. Slikt kan få konsekvensar. Eg fekk ikkje med meg nokon på konsert, prøvde vel heller ikkje så hardt. Å gå åleine på konsert sit langt inne så lenge eg ikkje har eit lite ærend. Som å lage ei lita konsertanmelding. Arrangøren gav meg lov til å filme den første melodien. Etter å ha snakka med manageren, enda eg opp med å få filme heile greia. Lukke på jord. Eg gjekk inn i anmeldarrolla med stor innleving. Det var sikkert ikkje så mange som kom på at anmeldarar vanlegvis ikkje tar med seg filmutstyr. Men, tydelevis var det nokon i Greater Works som trudde eg var ein ekte norsk journalist. Eg fann dette på ei av solistane, Erica Walker, si FB-side:

Erica Walker skriv på FB.

Ein liten test av utstyret før konserten.

Dette var ei stor oppleving, der kamerastativet gjorde nytta, slik at eg ikkje kjende meg åleine på konsert. Og eg fekk direkte kontakt med koret. Gler meg allereie til neste år då DaNell etter planen kjem attende med nye koristar.

%d bloggers like this: