Ta eit esel for fred

Foto: Det næraste eg kom eit esel var ein Lama eg fann på Vestkapp i vinter

Har du nokon gong vore så fylt av angst at du har hatt eit inderleg ønske om å spole livet litt framover? Til det du hadde angst for var over?

På Palmesøndag visste Jesus at han skulle døy om få dagar. Sjølv om han skulle stå opp igjen trur eg nok han gjerne ville ha desse dagane overstått.

Eit esel for fred
Jesus fann eit ungt esel og rei inn i Jerusalem for å møte døden. Jødane hadde venta lenge på ein Messias som skulle redde dei frå dei undertrykkjande romarane.

Ein mann som ville ha krig ville ha valt ein hest. Jesus kom på eit esel, som ofte vart dynga ned med varer. Dei fattige hadde ikkje alltid råd til ein hest. Jesus kunne nok ha funne seg ein hest om han ville framstå som rik. Det blei eit esel som symboliserte ei audmjuk haldning.

Treff ein ven som har opplevd det same
Dagen før Palmesøndag hadde Jesus besøkt Lasarus, ein av sine beste vener. Det var kanskje fint å treffe ein annan som hadde vore i grava ei stund. Det kan vere mykje trøyst i å sjå at andre har kome gjennom det du sjølv er redd for.

Jesus har angst
Etter at Jesus har blitt hylla av folket fortel han læresveinane at han har angst:

27  No er sjela mi fylt av angst. Men skal eg så seia: Far, frels meg frå denne timen? Nei, til denne timen skulle eg koma
Han hadde kanskje klart å fortrengje  angsten ei stund medan han var blant mange folk og det var mykje støy.

Småhissig når du er redd?
Vi reagerer ulikt når vi er redde. Eg kan raskt eksplodere uventa då fokuset er konsentrert om å halde nede angsten.

Kanskje Jesus hadde litt same kjensla då han same dag velta borda til pengevekslarane og benkjene til dueselgjarane på tempelplassen? Han hadde nok helst sett at dei var opptekne med å be. Det var nok fint å få ut litt frustrasjon.

Drep eit fikentre
Dagen etter vart han sur på eit fikentre som ikkje bar frukt. Han lot det visne tvert. Læresveinane syntest nok sikkert det var vel mykje å forvente at det skulle bære frukt utanom sesongen. Men dei bar over med han.
Og det var sikkert betre å hisse seg på eit tre enn på folk.

Det er ikkje alltid vi veit når nokon er redd, men vi kan ofte sjå det på handlingane. Det er ikkje alltid at folk er slemme sjølv om dei har ein uventa og uforståeleg oppførsel.
“Det er alltid ein grunn” er mitt motto. 

Det er mange som er redde denne påska. Ver overberande med kvarandre og finn fram eselet i staden for hesten.

%d bloggers like this: