Smertehelvete

Bilete: Gravplassen ved Haukeland universitetssjukehus

Påskebodskapen får meg til å tenkje gong etter gong. Påske etter påske. Det dukkar alltid opp nye ting å filosofere over.

Denne gongen var det “kalken”. 

Ein kalk er det begeret som blir brukt til vinen under nattverden. Samstundes ba Jesus i Getsemane om at kalken måtte bli tatt frå han.

26Medan dei heldt måltid, tok Jesus eit brød, takka, braut det og gav det til læresveinane og sa: «Ta dette og et det! Dette er min lekam.»  27Så tok han ein kalk, takka, gav dei og sa: «Drikk alle av den! 28Dette er mitt blod, paktblodet, som vert utrent for mange til forlating for syndene.  29Eg seier dykk: Heretter skal eg ikkje drikka av denne frukta frå vintreet før den dagen eg drikk henne ny saman med dykk i riket åt Far min.»

Rett før Jesus blei tatt til fange i Getsemane bad han tre gonger til Gud:” La denne kalk gå meg forbi! Men ikkje som eg vil, men som du vil”.

I det gamle testamentet kan vi lese fleire plasser om korleis eit beger i Guds hand var eit symbolsk uttrykk for Guds vrede og dom over synd. Som i Jesaja 51. 

Jesus måtte drikke av vredens beger som var fylt med synder frå den første til den siste mann på jord. 

Jesus blei ikkje berre forlatt av Gud men han fekk i tillegg eit beger av Guds oppsamla vrede over menneska si synd ausa over seg. Det er ikkje rart at han tok bøna opp att heile tre gonger den natta i Getsemane. Om å få sleppe.

Sjølv om han visste at det ville ende bra, var tre dagar i grava saman med Guds sinne noko som ingen kan fatte rekkevidda av.

Dette kjem eg til å tenkje på neste gong eg går til nattverd. 

%d bloggers like this: