Heggen som sto i fjor

Hegg mai 2019

Foto: Øygunn L. Kallevik 10. mai 2019

Ein hegg er ikkje som andre tre. 
Gå inn i treets intimsone og alle sorger er gløymde.
Ei himmelsk, bedøvande luftboble.
Du må bli der.
Du kan ikkje ta med deg eit grein. Slike enorm dufter treng fridom for å virke.
Elles blir den påtrengjande og irriterande.
All lukke kan ikkje fangast å kontrollerast. Den må nytast der og då. Den varer kanskje berre ei kort tid.
Elsk nærværet i lange drag før blomen fell av og det berre er eit heilt vanleg tre igjen.

Eg snakka med mor mi i går og ho var så glad for heggen som blømde i Uskedalen. Så langt har den ikkje kome her enno. Eg fann ei gamal notatbok som eg skulle skrive noko i. Då slo eg tilfeldigvis opp på desse orda eg skreiv i fjor. Eg hadde heilt gløymt at eg hadde skrive det.

%d bloggers like this: