Livet går ikkje alltid slik ein ynskjer. Dei siste åra har det vore litt diverse. For min del hjelper det å skrive om det i håp om at nokon kan bli trøysta, eller at det kan bli enklare å snakke om vanskelege ting. Kanskje treng eg det sjølv også for å kome vidare.Psykose nummer to […]
Helse
Feilringing førte til sak på Helsekontrollen
Rett før koronanen tok oss, skjedde det noko som eg ikkje klarer å tru var tilfeldig. I januar 2020 prøvde eg å ringe ein endokrinolog i Oslo, som såg ut til å kunne noko om jodmangel knytta til spontanabortar.Det hender at eg tar ein sjanse og ringer til folk som kan vite noko eg ikkje […]
Forgifta på ekte
På mitt kjekke psykiatriske opphald trudde eg at eg var forgifta. Det er no ikkje så sikkert at eg var. Langt derifrå faktisk. No er eg derimot celleforgifta med samtykke. Det kjennest heilt inn i margen og kreativiteten ligg eit par hakk på etterskot. Då hjelper det å ha familie og andre som overtyder meg […]
Mitt Haukeland leverer – gong etter gong
Responsen på mitt førre innlegg har vore overveldande og nesten vanskeleg å fordøye. I løpet av mine 51 år har eg truffe drøssevis med nydelege folk. Å få så mange gode minner i fleisen på ein gong var spesielt. Det må kanskje litt kreft til for å røykje ut over to hundre vener, klassekameratar, kollegaer […]
Brystkreft – då var det min tur
23. januar vakna eg og gjekk på do slik eg ofte pleier. Då kjende eg ei stikkande smerte i eine brystet. Og der kjende eg forsyne meg ein ganske stor kul. Men brystkreft kjem no ikkje over natta. Screeninga eg hadde vore på i desember 2019 viste ingenting. Etter å ha høyrt på mas frå […]
Inn med viten om jod
Vi treng legar som veit nok om jod Det er skammeleg at ansvaret for å få i seg nok jod, blir lagt på kvar enkelt, i staden for å opp farta med å tilsetje jod i matvarer. I mellomtida må legane få klare retningslinjer. SKJOLDBRUSKKJERTELEN er forma som ein sommarfugl, og den er avhengig av jod […]
Vi blir alvorleg sjuke av jodmangel, men kven bryr seg?
I redsle for å overdosere folket med jod, har norske styresmakter sete på gjerdet og drukke melk sidan 90-talet. Vi risikerer dermed at ein heil generasjon blir utsett for ulike stoffskiftesjukdomar, barn med utviklingshemming og det som verre er. Situasjonen er mest dramatisk for kvinner i fertil alder, gravide og ammande. WHO har ropt varsku for […]
Jod på radioen
I dag var eg heldig å få misjonere litt om jod på radioen. Eg kjem tilbake med artikkel om dette når eg har fått studert ferdig temaet. I mellomtida: Kjøp jodberika salt i Sverige eller Nederland og ta multivitamin som inneheld jod. Slik at de kan overleve til eg ferdig med artikkelen. Det går kanskje […]
Kanskje ikkje heilt fritt behandlingsval
Fritt behandlingsval gjeld kanskje ikkje for dei som er veldig sjuke og bur på feil plass? For ei tid tilbake hadde eg ei desperat oppleving, der eg prøvde å få flytta ein nær slektning frå Stord sjukehus til Haukeland universitetssjukehus. Han blei berre sendt vidare til Haugesund som var enno lengre vekke. Sjølv om det etter boka […]
Kviser til begjær
Kviseklemming – her snakkar vi om tabu. Problemet er at sommarkroppen ikkje blir så vakker i lengda. Bakteriane kosar seg sjølvsagt forderva. Typisk nok klorar dei seg ofte fast på ryggen. Heilt umogeleg å sleppa til. Men her kjem vi inn på løysinga: Basiron AC WASH gel. Gløym alle typar kremar som set farge på kleda, og […]